Pistol-Bjørkedalen

Som annonsert på facebook for ei stund sidan har me no ein avtale med Sartor skytterlag om utandørs skyting i Bjørkedalen. Me har desverre berre ein nøkkel og denne skal oppbevarast i skytehallen.

Det er mogeleg å trene når Skytterlaget har jegertrening på mandager kl 17-19. Følg med på Sartor Skytterlag sine facebook sider.
Frå hausten av er det og jegerskyting på onsdager. KL 17 -19

Elles har me nøkkel for trening på eiga hand. For å  bruke denne må du ha fått ein gjennomgang av styret.
Nøkkelen ligg i ein eigen boks i skytehallen saman med loggbok for aktivitet.

Informer gjerne på facebook gruppe slik at fleire veit at nøkkel er i bruk og at det er mulig å stille på trening.

Alle som skyt i Bjørkedalen skal rydde opp etter seg og plukke tomhylser.
Det er og eit krav frå Styret at alle skal ha betalt skytekort for å trene utandørs.
Det er blinkstativ der oppe, men blinkmateriell må kvar enkelt ta med. Det ligg ein god del papirblinker i hallen som kan brukast.
Dersom ein skyt på dagtid har politiet prioritet på bana.

Me arbeider og med ein plan for faste vakter, da antakeleg på onsdager. Oppdaterer når dette er på plass.

 

Styret 31.05.17