Våpensøknad

Hei.

Når det kjem så langt at det er på tide å søke om eige våpen for trening og konkurranse er det litt forskjellige reglar for rifle og pistol

Rifle:
For rifle kan ein søke så lenge ein er medlem av klubb/skytterlag og kan dokumentere medlemskap og aktivitet. Våpensøknad får du hos politiet.

Pistol:
For pistol er det litt andre krav. Medlem må kunne vise til min 6mnd medlemskap i pistolklubb. Det er og eit krav frå Sartor SSL at sikkerhetskurs skal vere gjennomført.
Dersom alt dette er på plass så leverer du ein utfylt søknad saman med vedlegg til våpensøknad til styret.
( me hjelper og med utfylling av søknad ved behov)
Det er formann eller nestformann som behandler dette. Ønsker du den tilsendt så legg du og ved ein ferdig frankert konvolutt.
Dei fleste tilfeller vil me klare å behandle dette innan kort tid.

Da skal alt vere klart for innlevering til politiet.

Hugs at det er kvar enkelt sitt ansvar å dokumentere aktivitet til politiet dersom det er nødvendig. Klubben kan kun stadfeste ditt medlemskap.

Styret